Warning: Cannot modify header information - headers already sent by (output started at /var/www/morellmannen.net/public_html/wp-config.php:1) in /var/www/morellmannen.net/public_html/wp-content/plugins/wassup/wassup.php on line 1994
Ofte stilte spørsmål og nokon halvgode svar | Morellmannen

Ofte stilte spørsmål og nokon halvgode svar

Q?Kvar kan eg kjøpa frukta di?
A.

Gjennom heile sesongen, frå midten av juni til midten av september +- , så har eg ei salsbod lolkalisert i Djupevik; rasteplassen der, 5km sørom Lofthus i Ullensvang. Midtsommars, i Juli månad er den betjent, og ein kan slå av ein prat på kjøpet. Sjå etter «Morellmannen» skiltet på boden. I tillegg, har eg no byrja å reise rundt i Hordaland: Os, Leirvik, Rosendal, Eikelandsosen, Voss og andre utvalde stader vil verta besøkt hyppig f.o.m. 2013 sesongen. Kom gjerne med tips til meg, så skal eg leggje turen innom med fersk frukt til dykk! Følg med på lenka oppe som heiter «når kjem han?»

Q?Eg treng råd og tips til eigen hobbyhage, kan eg spørje om det?
A.

Klart du kan. Ta kontakt med meg via kontakt skjemaet på denne sida, eller send meg ein mail, eller snakk med meg når eg dukkar opp i ditt nabolag med salsbod. Eg «forpliktar» meg å svare på alle spørsmål kring frukt, og er meir enn villug til å koma med råd og tips.

Q?Er frukta verkeleg dagsferskt?
A.

Det er den. Dvs, den er plukka innan 24 timar før du kjøper den, være seg halvtimen før eller t.d. 18 timar etter. Den kan ha stått på kjøl natta over, typisk om eg reiser med den på lengre avstandar, men er aldri eldre enn eit døgn. Det kan eg garrantera den i butikk er, så ferskare kvalitet får du ikkje den dagen eg dukker opp i nabolaget ditt.

Q?Er det mogleg med kvantumsrabatt?
A.

Me vert sikkert einige om ein pris.

Q?Eg fann eit skada/rote bær/frukt i korga/posen min!
A.

Ja, diverre, slikt kan skje. Me er mange som sorterar, og me sorterar over ein million frukter i året. Likevel, så kan det snike seg forbi ein og annan luring som ikkje skulle ha vore i korga eller posen din.  Difor, for å førehandsbøta på dette så legg me 5-10% øvevekt i korga/posen slik at du skal få det du skal ha. Som regel, så er det 5-10% ekstra, då korga/posen er heilt fin.

Q?Kan eg få kvittering på det eg kjøper?
A.

Sjølvsagt. Berre å spørje, så vert den skriven på staden. Eg driv heilt «kvitt», og alt vert oppgjeve og skatta for. Eg likesom alle andre som har vanlege jobbar, tenkjer på framtida og lyt som alle andre byggje meg opp pensjon for å kvila under eit morelltre ein dag, mens neste generasjon slit med frukta :-)

Q?Kor lenge kan ein få tak i Norske moreller?
A.

Det modnast ulikt over heile landet, der sør-noreg (t.d. Telemark) er tidligast og Lærdal ofte vert rekna som sesongavsluttar. Morellmannen held til i Hardanger, og mine moreller er modne frå slutten av juni til slutten av august, alt etter sorten. Andre stader i landet kan då sesongen starta i midten av juni, og slutta på det seinaste fyrste veka i September.

Q?Kan frukta etast rett frå trea?
A.

Det kan dei, men spørsmålet kjem sjølvsagt rundt temaet om dei er sprøyta eller ei. Morellmannen driv diverre ikkje økologisk, då det krevs mykje svinn og tap om ein skal gå for den modellen i frukt her i Hardanger. Eg er likevel særs sparsommeleg på å nytta kjemikalier, slik som me alle er her inne. Og, som oftast er det soppmidler me nyttar, på all slags frukt. I perioden etter sprøyting er det ei karantene, der ein ikkje må ete frukta. Likevel, frukta er i dette tidsrommet ikkje moden likevel. Me fylgjer mattilsynets retningslinjer på hentefrist alt etter preparat me nyttar, og me har godkjend sprøytesertifikat. Men tilbake til spørsmålet : Ja, dei kan etast rett frå treet, utan å måtte vaska dei.

Q?Er det mykje arbeide å framstilla moreller?
A.

Det er det. Men, det er ein livstil, og liker ein å halde på med noko, så vert det heller ikkje så «bale». Les artikkelen om korleis frukta vert til, og ta følelsen på kroppen om det er noko de ville ha gjort sjølve. Prisen på ein kilo moreller gjennspeglar også mykje av arbeide som ligg bak. Er vel kun multer som vert omsett for høgare pris, kva det gjeld Norsk frukt.

Q?Finnes det gule moreller?
A.

Ja, det gjer det. På garden min har eg fem ulike ljose sortar, eller «gule» morellsortar. I Hardanger finnst det samla minst 11 sortar med ljose moreller me kjenner til. Mange lurar fælt på kva dette er for noko fyrste gong dei ser dei. Om dei t.d. er modne, om det er kirsebær eller om det er ei anna frukt. Men, nei, det finnes ljose moreller, og nokon sortar er like søte og harde som dei mørke «rolls roysane» også.

Q?Kva gjer morellmannen utanom haustesesong?
A.

I oppbyggingsfasen så trengst det kapital for å kunna settje brød og smør på bordet, og sjølvsagt då er det anna arbeide andre stadersom har vorten utførd. Men, no som brikkene fell på plass, og det sakte men sikkert vert mogleg å leva av dette, så gjeng året med på å stella hagen, utforska nye område, beskjæring av trea, utbetring av system og anna særs viktige ting ein vil være nødt til å halde på med skal garden være i topp stand for neste sesong.

Q?Eg likar ikkje moreller så godt, kva anna frukt har morellmannen?
A.

På garden er det sjølvsagt ikkje berre moreller, dei utgjere faktisk berre 1/4 av gardens areal. Moreller har berre vorten morellmannens hjartebarn då det er dette han tykkjer er det kjekkaste han held på med. Men, når det er sagt, så finn du Jordbær, Epler, Pærer, Plommer, Blåbær, Rips, Stikkelsbær, Bjørnebær, Boysenbær, Bringebær og ei rekkje av grønnsaker om det skulle være «din kopp med te» :-) Eg tek sikte på å få koma igang med eplesaft innan neste sesong også, då med gardens eigen blanding frå gamal oppskrift, som har vore «gløymd» i mange tiår til no.

Q?Kan eg koma til garden for å sjå og evt. plukka sjølv?
A.

Send meg ein mail, gå på kontakt sida og legg igjen ein forespørsel. Eg vert glad når folk kjem og spør, så omvisning skal de få. Kan vere lurt å koma i sesong; midten av juni til slutten av september. Eg har diverre hatt ein del dårleg erfaring med sjølvplukk, så det tillet me ikkje. Men, me hentar for dykk, og gjerne mens de ventar med ein kopp kaffi eller eplesaft, og de skal få lov til å ta nokre smaksprøver frå trea :-)

Q?Kan eg førehandstinga frukt til dit eg kjem – og/eller plukka det opp på garden din?
A.

Send ein forespørsel på morellmannen@morellmannen.net så vert me heilt sikkert einige om noko. Eg tek med til dei som vil ha ein spesifikk sort, samt mengden du vil ha og om du tek ein titt under «frukt» også på sorten under frukt typen, så kan du sjå kva sort som er moden når, og samstundes sjekka om eg kjem til ditt område.