Warning: Cannot modify header information - headers already sent by (output started at /var/www/morellmannen.net/public_html/wp-config.php:1) in /var/www/morellmannen.net/public_html/wp-content/plugins/wassup/wassup.php on line 1994
Korleis | Morellmannen

Korleis

Ja, kvar startar dette som til slutt ligg i korga eller posen din?

I all hovudsak, kva det gjeld t.d. moreller så er neste års produksjon allereie tegna på greinene mens me plukker årets frukter. Dei er synlege som små knoppar, og vil verta større etterkvart, og heilt til slutt springa ut neste vår i bløminga som blomar som treng å verte bestøva for at det skal verta frukt. Vel, i mellomtida dette skjer, så er det ei rekkje ting me fruktdyrkarar må tenkje på, og handla deretter.

Om vinteren er ei god tid for å beskjæra trea. Dette gjer me av mange grunner, t.d. at trea ikkje skal «gro i vilden sky», me vil ha rette og kortare greiner som gjer sollys inn til den minste avkrok i trea. Me vil fornye greinmassen så dei nye greinene kan settje meir og betre frukter enn gamal ved, og alt dette sia me plantar trea så tett og held dei på 2.5-3m høgd. Slanke tre, tett planta med riktig høgd gjev oss ei effektiv arbeidsøkt kva det gjeld beskjæring, tynning, sprøyting og hausting. Samt, det ser jo lekkert ut også då ;-)

Eg nyttar ca ein og ein halv – to månader på beskjæring av alle frukttrea om vinter/våren. Så kjem våren, og gjødsling er naudsynt. Både naturleg gjødsel, kompost og kunstgjødsel vert nytta. Bor, kalsalpeter, nitrogen, mangan, magnesium, kalk og andre næringsstoffer får møta marka rundt trea. I denne tidlege perioden, er det også sprøyting mot ulike sopper som har vinterlagra seg. Som t.d. monilia, gråskimmel, muggsopper, bitterote, bekarrote for å nevna nokon få. Me kan få besøk av bladlus, barkebiller, sugarar, teger og andre skadegjerarar.

Me kryssar alltid fingrane for at været skal vere nokon lunde i denne perioden då bløminga er komen igong. Er det kaldt (under ti grader) og/eller regn, så vil ikkje biene ut å fly, og pollineringa kan ga gale. Blomene vert ikkje pollinert = ikkje mykje frukt det året. litt «lotto» i dette, men som eg seier ofte, «større sjanse for gevinst her, enn i sjølve pengespelet».

Når bløminga er over, må me på enkelte fruktsortar (ofte eple og plommer) ga igjennom trea og sjå om dei har satt for mykje frukter. Om dei så har gjort, så må me ga laus med enten hendene eller ein liten saks og tynna frukta ut, slik at det er passeleg igjen. Og kvifor? Jau, gjer med det ikkje, så vert frukta for liten i storleik, smaken kan verta forringa og det råtnar fortare i trea. I enkelte eple og plommesortar tek me vekk over 85% av karta for å nå krava til frukta. Kan høyrast brutalt ut, men resultatet ser du i korga eller posen din; Kvalitet!

Moreller er nokså kresne kva det gjeld regn. Me har ei utfordring kvart år, med å dekka morellene med ein armert plastduk som er basert på eit streng og stolpesystem, utvikla mtp netopp dette regnet. Duken er til dels gjennomsiktig, nok til at sola slepp igjennom, noko som sjølvsagt er viktig for modninga. Det tek tid og krefter å få på plass 12 mål med duk, men alternativet er ingen moreller. Fordi, morellene sprikk i regn, og dei ser då ikkje særskild delikate ut. Likevel, mange tykkjer sprukne moreller er gode på smak, og det har dei forsåvidt rett i. Men, sprikker fører også med seg andre problem. Det vert eit ope sår, i morellkjøtet, som igjen då fer kontakt med oksygen. Dette fører til at råten sett igang, og morellene vert særs lite haldbare, og innan kort tid er det skjeggmugg og gjæra morellsaft igjen i korga.. Slikt selger dårleg.

Utfordringa med dukane er det likevel vinden som står for. Bles det over 10 m/s frå t.d. sør-aust, så er det nesten umogeleg å få sova om natta. Då er det eit konstant «torevær» rett utanforbi soveromsvindauget. Kjem det opp i 15 m/s frå samme retning, bør ein vurdera å trekkje inn dukane, sjølv om det regner. Om ikkje, kan dette føra til enorme skader på både dukar, tre, avling, stolpar og strengsystem. i 2010, nærare sagt 15. juli fekk Ullensvang merka kva full storm hadde å seie for morelldyrkarane. Den dagen vart det særs store øydeleggingar på mange etablerte felt i fjorden. Me reknar alltid med at vind vil råka i løpet av sommaren, så å driva med moreller så avskriv ein sommarferie frå midten av juni til slutten av august, for at DU skal få smaka dei søte bæra. Dette er ein livstil, me må alltid være på vakt, dette er 24/7 jobb og «me digger det!» :-)

Me treng vel ikkje nevne det at me er «sjukt opptatt av været», og yr.no og storm.no er flittig brukt. Desse tenestene er ikkje alltid til å stole 100% på, så no er det investert i ein profesjonell værstasjon som monitorerer alt og kan gi ein mykje betre peikepinne dei neste 12 timane, lokalt.

Elles, så er det tilførsel av gjødning, alltid passa på at vatninga fungerer (er tidstyrt), gjødselvatning, slått mellom trerekkjene, ugrasbekjemping under trea, føring av lovpålagte journaler, levering av frukt, fornya felt (20 år gamle tre bør bytast ut) vedlikehald, etc.. Sesongen startar altså om vinteren, den koplast ut og inn fram til mai. Deretter aukar mengdene på, og frå og med juni og ut september månad er det fullt trøkk. I denne perioden skjer innhaustinga, og her er det viktig å sila ut dei fruktene som ikkje held mål på farge, storleik, skader og andre faktorer som ikkje er kvalitet. Om sommaren er me 3-5 plukkarar, dei siste åra har me vore særs nøgde med arbeidshjelp frå Tsjekkia.

Som de ser, det er ein heil del å tenkje på skal ein laga eit bær eller ein frukt. Det er ikkje berre å stikke eit tre i jorda, for så hausta frukt etterpå. Men, dette er det eg likar å gjere, så då fekk de eit lite innblikk, de er velkomne til å sjå det i praksis!

Morellmannen