Warning: Cannot modify header information - headers already sent by (output started at /var/www/morellmannen.net/public_html/wp-config.php:1) in /var/www/morellmannen.net/public_html/wp-content/plugins/wassup/wassup.php on line 1994
Kvalitet i frukt | Morellmannen

Kvalitet i frukt

Ja, kva er kvalitet i frukt? Kva skal ein forvente, kva skal ein sjå etter?

Det prinsipielle for dyrkarar, er noko som heiter «norsk standard«. Denne må me følgje, og då for at me skulle kunne levera til fruktlagera. Norsk standard er ein peikepinn på modningsgrad, storleik og kva som er akseptert av ytre/indre skadar samt plantevern midler me kan og ikkje kan nytta. Om me t.d. gjeng utanforbi dette, dvs, om kvaliteten er lågare enn dette, så vert varen vår enten avvist eller kassert.

Frukta vert stort sett plukka i ein modningsgrad som gjer at dei varer lengre på lager, i butikk og heime hjå sluttkunde. Dette gjer at frukta ikkje alltid vert 100% tremodna, men likevel er eit svært bra produkt som held seg lengre og ein opplever mindre svinn. Samstundes, så er storleik eit særs viktig element. Ta t.d. moreller. Dei skal ikkje være mindre enn 24mm hjå nokon grossistar, mens andre ikkje tillet mindre enn 28mm. Dette gjer at opp i mot 10% av alle morellene vert kassert, og gjeng på dynga eller nytta til industri, som kaker eller andre rettar ein kan nytte moreller i.

Tek ein vidare netopp moreller, så er det heller ikkje tillete med sprikk i bæra (som følge av regn og høg luftfuktighet), råte eller skadar frå vind, fugler eller andre skadegjerarar. Desse vert også kassert, men stundom vert dei med nokre unnatak nytta til industrien også.

I eple og pærer er det også samme standard me følgjer. Her er det t.d. skurv (sopp) som er den største utfordringa. Denne soppen kjem før, under og etter regn og væte generellt. Den setter seg som svarte prikker på fruktskalet, og vert difor ikkje salsvare til sluttkunde av denne grunn. Slike eple vert nytta til juice produksjoen istadenfor.

Så er det fargekrav i kjernefrukt. Som t.d. epler me lyt følgje. Sjølv om grunnfargen til einkvar eple, sjølv om det oppleves raudt, er gul, så må ein ha opptil 30% av overflata dekka av «raude kinn». Under dette, vert til industri eller kassert i værste fall. Unnataket er om eplet er klassifisert som eit grønt eller gult eple sjølvsagt.

Overmodning er heller ikkje akseptert. Dette er fordi kunden vil då oppleve at sprøheit, saftigheit, haldbarheit og smak er forsvunnen, og dermed ikkje vil røra norsk frukt igjen. Me lyt halda på kvaliteten, og fortsetje å laga frukta som me er kjend for her i Noreg, med høgst mogleg kvalitet, til kundane me har så kjært. Då vil du som konsumar returnere, me som fruktbønder vil bestå, og samspelet kan fortsettje framover til generasjoner som kjem.

Forlang kvalitet – ikkje noko mindre. Dette bestreber morellmannen så godt han kan, og set pris på å få høyra det om det sviktar på noko plan!