Warning: Cannot modify header information - headers already sent by (output started at /var/www/morellmannen.net/public_html/wp-config.php:1) in /var/www/morellmannen.net/public_html/wp-content/plugins/wassup/wassup.php on line 1994
Om | Morellmannen

Om Morellmannen

Morellmannen har etter mykje hovudbry, endeleg lansert si eige heimeside på verdsveven.. Lenge før dette, så har det i århundrer vore dyrka frukt i herlege Hardanger, og dette skal vere ei informasjonsside for dei av dykk som har litt interesse for kva Morellmannen driv å sel, samt de kanskje kan plukka opp nokre gode tips til eigen hage.

Så kva er dette «Morellmannen» for noko?

Eg er føydd på midten av syttitallet, og tok over garden veldreven og oppbygd frå grunnen av, etter far og mor mi i 2004, då dei hadde dreve den sia 1977. På garden, som ligg på Sekse, i hjartet av vakre Hardanger har me vel 4500 fruktre, spreidd utover vel 50 mål med dyrka mark. I tillegg finn ein planter i alle varianter, være seg bær, busker og andre vekster som vert omsette. Garden strekjer seg frå sjøkanten på Sør-fjorden til toppen av fjellet, og då inngangen til Hardangervidda nasjonalpark, på austida av fjorden.

Alt starta for vel 800 år sida..

Det var engelske munkene frå Lysekloster som vandra inn til Hardanger, og lærde dei som budde her å dyrka eple. Dei fann fort ut at tilhøva for fruktdyrking var optimale. Med god morenejord, lange og bratte fjellsider som absorberte varmen frå sola, ikkje kalde vintrar og fjorden som også gav varme som klar peikepinne på at her kunne frukt dyrkast. Dette var til då, ei heller særs vasnkjeleg oppgåve i Noreg generellt. Etterkvart så kom det til andre frukter, som pærer og plommer også. Munkene vart drevne vekk når me kom under kontroll av Danmark, og bøndene her inne vart sjølve nødt til å driva dette vidare skulle det verta frukt.

Morellene stridest det om når kom til Hardanger, men eit forsiktig anslag er ca. 200 år sida.

På denne garden har det alltid vore dyrka all slags frukt, og før dette i tillegg til dyr, vere seg storfe, hest, geit, sau og gris. Idag, er det kun frukt igjen, og morellmannen har peila seg inn på det han likar best å dyrka, nemleg moreller. No er det 16 forskjellige sortar moreller på garden, sju forskjellige plommer, seks forskjellige epler, tre forskjellige jordbær og to forskjelliger pære sortar.

I all hovudsak vert frukta levert til det lokale fruktalgeret, nemleg Ullensvang Fruktlager. Dei distrubierer igjen frukta til dei matvarekjedene dei er knytt til.

Likevel, Morellmannen har lenge stått langs vegen i Sørfjorden og seld frukt til forbifarande, og levert frukt til campinger og Mikkelparken som påskudd dei siste åra. Dette fordi, det sjølvsagt er god ekstra inntjening å henta (me skal ikkje fortelje noko anna..), men samstundes går det på yrkestolltheit, å møta kunden som til slutt set tennene i frukta og nyter ho. Å følge frukta frå knopp til blom til kart til frukt til hausting og til kunde, ja det skal de vita at er moro for meg.

No har eg byrja å turnere litt på vestlandet også. Med salsbesøk på Os sommaren 2012, så skjønte eg godt trongen for dagsfersk frukt, i eit område mange andre ikkje hadde vore føre. Planane om andre tettstader på vestlandet ligg også føre no..

Fordi, det var litt spesiellt å stå på Os å selgje frukt. Det var derfrå munkane kom, og lærde oss hardingar å dyrke frukt. Mon tru kva dei hadde sagt om dei hadde visst det for nokre hundre år sida? Eg voner sida kan være til nytte for andre. Eg kjem på denne sida til å leggje ut når eg kjem med bilen lasta med frukt og bær, og sjølvsagt kvar eg kjem også.

Voner det smaker!

Nyttig informasjon

Lysekloster

Munkene frå England, budde på Lysekloster. Det ligg 27km frå Bergen, ved Lysefjorden. Klosteret ble grunnlagt i 1146. Idag står det att ruiner der, som kan sjåast med informasjon. Vel verdt ein tur.

Morenejord

Isbreene førte med seg lausmassar som vart liggende igjen då isen smelta. Det er dette me kaller morenejord. Den inneheld materiale med ulik korn-størrelse, fra leire til store blokker. Særs mineralrik, og godt egna for fruktplanter!

Moreller

Hadde si oppreinnelse frå Kina, eller aust-asia. Oppdaga for godt over 3000 år sida. Har vorten kryssa og spleisa i utallige formar, farger og smakar. Idag rekner me med det er godt over 1200 morellsortar i verda, men berre ca. 40 av dei vert dyrka i større skala.

Andre

Vuscipit variuseraeuocirientas atoque penatibusmagnis dis