Warning: Cannot modify header information - headers already sent by (output started at /var/www/morellmannen.net/public_html/wp-config.php:1) in /var/www/morellmannen.net/public_html/wp-content/plugins/wassup/wassup.php on line 1994
Coe’s Transparent

Coe’s Transparent

Fyrste gong registrert planta i USA i 1846 av Curtis Coe. På garden min var det ein gong mange tre av denne sorten, men idag så står det att kun eitt tre, uvisst når det vart planta, men mykje kan tyda rett før starten på fyrste verdskrig. Eg har valgt å kalla treet for «mor», då ho er så mykje eldre, så mykje større enn resten av trea. Ho er eit skue for auge i mai då ho blømer, med sine godt og vel hundretusen blomar som åpnar seg samstundes. Sorten er ei særs tidleg, ljos morell, som kanskje er den sorten som smakar best på mange måtar. Sorten er blaut i kjøtet, og fell difor ikkje inn i kategorien kjøttmorell. Særs riktbærande, inga problem å hauset 150 kilo årleg på dette treet.

Stikkord:

  • Museums sort – historisk, særs vanleg før, nesten utrydda heilt idag.
  • Små, men søte ljose moreller
  • Fruktvikt 6-7g
  • Blaute i kjøtet, må konsumerast umiddelbart
  • Særs riktbærande, men treng ein god pollinator (t.d. Vista eller Sunburst i nærleiken)
  • Sprikk sjeladan i regn
  • Frukta vert fort brun etter skader frå vind
  • Frukta er moden i slutten av juni, byrjinga av juli

.