Warning: Cannot modify header information - headers already sent by (output started at /var/www/morellmannen.net/public_html/wp-config.php:1) in /var/www/morellmannen.net/public_html/wp-content/plugins/wassup/wassup.php on line 1994
Meckenheimer (Frühe)

Meckenheimer (Frühe)

Ein tysk sort frå 1940, som vert rekna som særs tidleg; slutten av juni. Små men søte bær. Er særs lette å kjenne igjen då dei har ein vesentleg lengre stilk enn dei andre sortane. Blaut i kjøtet, gjer dette til ei vanleg morell, som har liten eller ingen haldbarheit. Er ikkje sjølvpollinerande, men treng andre pollinatorer rundt seg for å verta pollinert.

Stikkord:

  • Gamal sort, byrjar å verta særs sjaldan å sjå lengre
  • Ikkje ei kjøttmorell
  • Lange stilker
  • Middels avling
  • Særs tidleg modning
  • Sprikk i regn

.