Warning: Cannot modify header information - headers already sent by (output started at /var/www/morellmannen.net/public_html/wp-config.php:1) in /var/www/morellmannen.net/public_html/wp-content/plugins/wassup/wassup.php on line 1994
Summer sun

Summer sun

Me har fått feillevert seks morelltre ein gong, og det synte seg tidleg at det ikkje var sorten den skulle ha vore, nemleg Ulster. Likevel, me er glade i dei seks trea, og dei produserar enorme avlingar av ein sort som er særs sjeldan å sjå i Noreg. Frukta vert mellomstor, og har ein brukanes kjøttkvalitet og godt på smak. Som nemd, den er riktbærande og sjølvpollinerande, så det kan være ein aktuell sort å planta meir av seinare. Einaste ulempen den har, er at den er moden samstundes med dei andre store sortane som Van, Ulster og Techlovan, og dei tre sortane har nok høgare kvalitet kva det gjeld det meste.

Stikkord :

  • Kjøttmorell
  • Sjeldan
  • Rikbærande
  • Sjølvpollinerande
  • God på smak
  • Fruktstorleik på ca 10g
  • Sprikk i regn

.