Warning: Cannot modify header information - headers already sent by (output started at /var/www/morellmannen.net/public_html/wp-config.php:1) in /var/www/morellmannen.net/public_html/wp-content/plugins/wassup/wassup.php on line 1994
Vega

Vega

Ei ljos kjøttmorell som er særs god på smak og har eit hardt og sprøtt fruktkjøt slik ei god kjøttmorell skal ha. Krev gode pollensortar rundt seg for å få ei god avling. Liknar i formen påfallande mykje på den mørke kjøttmorellen «Van», og er moden i midten/slutten av Juli månad. Kanadisk opphav, frå rundt femtitallet. Populær hjå publikum med sin flotte utsjånad, gode smak og for å være ei ljos morell : haldbarheit.

Stikkord:

  • Ljos kjøttmorell
  • Gode avlingar med riktig pollensort (Sam, Ulster og Stella t.d.)
  • Store flotte tiltalande bær med særs søt og god smak
  • Fruktvikt ca 11g
  • Trea kan være ei utfording å forma, dei veks noko rart
  • Middelsesong sort
  • Sprikk i regn og høg luftfuktigheit generellt.

.