Warning: Cannot modify header information - headers already sent by (output started at /var/www/morellmannen.net/public_html/wp-config.php:1) in /var/www/morellmannen.net/public_html/wp-content/plugins/wassup/wassup.php on line 1994
Siste sjanse for moreller i år?

Siste sjanse for moreller i år?

Dette er ikkje ein trussel, ei heller ein lovnad. KANSKJE, har eg moreller til helga også,
men dette er særs vanskeleg og spå då dei er heilt i ytterkant av sesongen.

Førre helg var ei god oppleving, godt vær og mykje kundar som var interesserte i å slå av ein fruktprat. Eg prøvar heile tida og snakka med alle så godt eg kan, men eg vert avbroten av andre som vil handla, så det er berre å beklage til dei som føler seg litt «oversett» :-) Tips er etter eiga erfaring og koma rundt to-tida, då det som oftast er den stillaste tiden på dagen og eg kan prata meir om temaet. Vel ;

Denne gongen har eg med:

Ein sort morell (KANSKJE!) : Sweetheart
Bringebær : Glen Ample
Eple : Vista Bella, Summerred og KANSKJE – Prins
Plommer : Edda, Opal, Mallard og Avalon
Anna; Lutro in Vitro produkter (chutney, sylt og diverse) og Baronesse eplemost!

Sjåast frå klokka 10.00 på Essoen i Osøyro på tysdag 06 September!

.